Jula i Kunsten

med Renate Rivedal, mandag den 9. desember kl. 11.00

Renate Rivedal har ein master i kunsthistorie frå UIB, der hun skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), nordlysforskar og pioner innafor fotografi av den samiske befolkninga i åra 1882-1883. Hun har lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, og har eit brennande engasjement for kunst – og kulturformidling. I dag arbeidar hun også som rådgjevar i kulturavdelinga i Bergen kommune, kunstkritikar i Bergens Tidende og er ein aktiv samfunssdebattant.

No er det desember og vi blir dratt inn i jula si magiske verd. I norrøn tid blota ein og ofra til gudane, i dag feira vi jul med både gåve- og matgilde. Jula og desembermånaden er fylt med juletre, bibelske englar, levande lys, julepynt, familie, julebukk, julebord, julestrømpe, Askepott på NRK, julekalender, snø og ski. Gjennom foredraget skal vi bli kjend med nokon av skikkane og bakgrunnen til feiringa. Vi skal bli nærare kjend med den nordiske folketrua om gardvorden, julekrybber frå Krakow og ein tyrkar som heiter Nikolaus. Vi skal sjå på ulike kunstnarar si tolking av julefeiringa; frå Tidemand si tradisjonelle jul til Munch sin «Julaften i bordell».